Greit, dette er ein fotoblogg. Men eg vil gjere benytte det at eg faktisk har ein slikein blogg til å vise fram litt andre ting eg har laga. Eg gjekk på teikning, form og farge på vidaregåande. Der var det lite foto, men mykje maling, teikning og anna kos. Savnar den tida!

Første bildet her var ei oppgåve siste året på vidaregåande. Trur krava var at ein stol skulle vere med, bildet skulle skildre ein følelse og stilen skulle vere surrealistisk. Eg likar å få ei oppgåve der eg må holde meg innanfor visse krav, men likevel står veldig fritt. Ein av grunnane til at det har blitt lite maling etter vidaregåande er vel fordi no er det ingen som kan gi meg desse oppgåvene, det er eit større tiltak å sette i gong då.
For tida går det mest i skrabling i kladdebøkene i forelesningar, eller på jobb. Små bilder som tar to minutt, eller to timar å lage. Dette er ofte heilt meiningslause små teiningar, og ofte veit eg ikkje kva det endar opp med før eg er ferdig.
Bildet under her begynte eg på då Renate og eg var på hyttetur. Ein dag skal eg gjere det ferdig, men likar ikkje å male hår, så enn så lenge blir det verande slik. Kanskje løysninga er ein stor hatt.
I 2.klasse fikk vi oppgåve å lage teikneserie. Eg er ein slik ein som faktisk kjøpar blad som Pondus og Kollektivet kvar måned, eg les ein del serier. Sjølv om eg likar best å lese morsome serier, var ikkje dette like lett å lage sjølv. All ære til dei få som klarar å komme opp med eit genialt poeng til å bruke i ei serie, kvar einaste dag! Så mi blei alt ein litt alvorligare variant. Litt emo, kanskje. (fire år sidan!)